Lydredigeringsprogram

Skjermbilete av ein digital audioarbeidsstasjon (Ardour).

Eit lydredigeringsprogram er eit dataprogram for å redigere/manipulere digital lyd. I slike program kan ein m.a. redusere støy, klippe, kopiere, spleise og mikse lydar saman, i tillegg til at ein ofte kan konvertere lydfiler frå ein filtype til ein annan.

Ein skil gjerne mellom lydeditorar og digitale audioarbeidsstasjonar. Den fyrste gruppa vert gjerne nytta for å ta opp, analysera, redigera og spela av digitalt audiomatriale. I samband med fleirsporsinnspeling vert dei ofte nytta for å redigera einskilde spor, fjerna støy, og liknande. Digitale audioarbeidsstasjonar kan handsama mange spor samstundes og vert nytta for miksing av multimikrofonopptak og/eller syntisert musikk. Dei har eit rikt utval av redigeringsfunksjonar og moglegheit til utvidingar i form av ulike plugin. Dei vert òg nytta for ferdigstilling etter miksing.


Developed by StudentB